3. Samfunnstrendar og utfordringsbilete
Demografiendringar, mindre økonomisk handlingsrom og klima- og miljøutfordringar er blant dei største utfordringane kommunesektoren står overfor dei neste åra. Her kan du lese meir om desse utfordringane og korleis dei påverkar det økonomiske handlingsrommet.
I Øygarden 2040 er det først og fremst skildra trendar og utviklingstrekk som vil få særleg betydning for kommuneøkonomien. For meir utfyllande informasjon og statistikk om utviklingstrekk og trendar for heile Øygardssamfunnet, sjå kunnskapsgrunnlaget til planstrategien. Der finn du også korleis dei lokale utfordringsbileta er kopla til FN sine berekraftmål.
Høyr: "Framtida for Øygarden – Utfordringar og moglegheiter"
Innhald i denne artikkelen
Hovudutfordringar som påverkar kommuneøkonomien
Demografiske endringar
- Forventa befolkningsvekst på 0,7-0,9 prosent årleg
- Andelen 80+ vil auke med 150 prosent fram mot 2040 - nær tredobling
- Det vert færre yrkesaktive per pensjonist
- Auka press på helse- og velferdstenester
Mindre økonomisk handlingsrom
- Det er venta reduserte statlege inntekter framover
- Eigedomsskatt under press
- Renteauke
- Utgifter til pensjon, helse- og omsorgstenester aukar
Klima- og miljøomstilling
- Overgang til lågutsleppsamfunn krev nye og kostnadskrevjande løysingar
- Klimatilpassingar kan medføre auka offentlege utgifter, blant anna knytt til beredskap
Teknologisk utvikling
- Nye digitale løysingar kan bidra til smartare og meir effektiv arbeidsmetodikk
- Manglande kompetanse kan hindre bruk av digitale verktøy og teknologisk utvikling
3.1. Demografiske endringar
Folketalsutvikling og alderssamansetting spelar ei stor rolle for kommuneøkonomien. Vekst i arbeidsstyrken (25-66 år) kan auke skatteinntektene til kommunen, medan vekst i aldersgrupper som nyttar seg av kommunale tenester (barn og eldre) vil kunne auke utgiftene.
Det er venta store endringar i alderssamansetjinga dei næraste åra. Øygarden har ei ung befolkning, men dei siste 20 åra har prosentdelen unge gått jamleg ned, frå 32 prosent i 2002, til 27 prosent i dag. Denne trenden er venta å halde fram.
Dersom høgvekstalternativet for befolkningsframskrivingar slår til, kan vi vera fleire eldre (65+) enn barn og unge (0-19 år) allereie innan 2036.
Vi ser også at prosentdelen åleinebuarar er aukande i Øygarden, og vi blir fleire innvandrarar.
Øygarden er ikkje åleine om ei slik demografisk utvikling. I heile landet ser ein ei utvikling med lågare fruktbarheit og fleire eldre. Betre levekår og helse gjer at levealderen aukar. Saman med store kull etter andre verdskrig som no har nådd pensjonsalder, fører dette til at vi blir fleire eldre.
Her ser vi at det ikkje er venta store endringar i barnetala samanlikna med i dag, men det er venta stor endring i dei eldste aldersgruppene. Samstundes vil det ikkje vera noko særleg endring i aldersgruppa 20-64 år, det vil seie dei fleste i arbeidsfør alder.
Kva for konsekvensar kan dei demografiske endringane få?
Ein auke i den eldre delen av befolkninga er ei positiv utvikling. Det betyr at vi som samfunn held oss friskare og lev lengre. Den eldre delen av befolkninga legg også ned tid og innsats i form av frivillig arbeid og omsorgsoppgåver i heimen. Dette er viktige samfunnsøkonomiske bidrag.
Samtidig er det slik at ein auke i den eldre delen av befolkninga også vil få økonomiske konsekvensar, i form av auka press på helse- og omsorgstenestene. Sjølv om eldre som gruppe held seg friske lenger, vil den totale belastninga på helsetenesta auke fordi vi vert mange fleire eldre totalt sett.
Endringa i alderssamansettinga, med ein større prosentdel eldre, vil også gjere at «forsørgjarbrøken» endrar seg. Dette betyr at det blir færre yrkesaktive og mindre skatteinntekter per barn/eldre som ikkje er i arbeid. I tillegg vil færre yrkesaktive per innbyggar som treng tenester, bety mindre tilgjengeleg arbeidskraft til å utføre tenestene.
3.2. Mindre økonomisk handlingsrom
Som nemnt i førre kapittel er fleire eldre positivt, samtidig som det også betyr eit større behov for pleie- og omsorgstenester framover. Analysane viser at helse- og omsorgstenestene må styrkast vesentleg i åra som kjem.
Figuren under viser endra utgiftsbehov som følgje av demografiendringar. Inntektssystemet til kommunane er lagt opp slik at det korrigerer for ufrivillige kostnadsforskjeller som følgje av ulike utgiftsbehov.
Framover må vi difor flytte midlar frå skule og barnehage over til helse og velferd, for å sikre at vi har nok midlar til å drifte pleie- og omsorgstenestene. Dersom Øygarden kommune i tida fram mot 2032 flyttar kr 123 mill frå Oppvekst til Helse og velferd vil vi likevel ha same prioritering som i dag.
Framover må ein rekne med at auken i frie inntekter (skatt og rammetilskot) berre vil dekke demografiendringar.
Eigedomsskatten har vore under press dei siste åra. Kommunane opplever stadig at statlege selskap går til rettsapparatet for å utfordre eigedomsskatteregimet.
I løpet av dei to siste åra har rentenivået vore heva frå 0% til dagens 4,25%. Dette medfører betydelege utgifter for kommunen. Frå rekneskap 2022 til budsjett 2024 er renteutgifter auka med kr 115 mill.
Ein stress-test viser at ein renteoppgang på eitt prosentpoeng gir auka renteutgifter på omlag kr 30 mill årleg. Dette er midlar som kunne vore nytta til tenesteproduksjon.
3.3. Klima- og miljøomstilling
Klimaendringar og miljøtilpassing utgjer ein stadig aukande risiko for norske kommunar - både når det gjeld samfunnsberedskap, miljøkonsekvensar og kommuneøkonomi. Dei siste åra har klimatilpassing gått frå å vera noko vi trur skal slå inn lenger fram i tid, til å vera ei reell og dagsaktuell utfordring for mange kommunar.
Den økonomiske konsekvensen knytt til klima- og miljøomstilling handlar i stor grad om å førebygge og handtere risiko som klimaendringar og strengare miljøkrav representerer. Klimarisiko kan komme i form av ekstremvêr som kan forårsake store øydeleggingar i kommunane.
Dette set krav både til auka kompetanse og ressursar til beredskapsarbeid, men også til gjenoppbygging av eventuelle skadar, som igjen inneber økonomiske kostnadar for kommunen.
Klimatilpassing er eit viktig grep for å førebygge uønskte hendingar som følgje av ekstremvêr og anna, og som påverkar kommuneøkonomien. Gjennom å redusere vedlikehaldsetterslep på veg, vatn- og avlaup og anna infrastruktur kan vi redusere sårbarheita ved klimaendringar.
Nye bygg og ny infrastruktur må også planleggast og byggast på ein måte som gjer at dei tåler meir nedbør og fuktigheit, og er tilpassa dei utfordringane vi opplever med omsyn til klimaendringar. Det krevst også nye løysingar knytt til overvatn og anna for å sikre at vi legg til rette for ei utvikling som kan handtere store mengder med vatn.
Kommunen må også arbeide systematisk med å redusere utslepp, både i eigen organisasjon og som del av Øygardssamfunnet. System for energieffektivisering og investeringar knytt til dette kan også legge press på kommuneøkonomien, samtidig som vi veit at dette er investeringar som også kan vera lønsame på lenger sikt.
Strengare krav til miljøomsyn og utsleppskutt kan også medføre høgare investeringskostnadar knytt til vatn og avlaup. Eksempelvis har kommunen nyleg handsama ei høyringsuttale knytt til EU-direktiv som set strengare krav til utslepp frå kommunalt avlaupsvatn. Direktivet, slik det ligg no, kan medføre store investeringar for kommunen på relativ kort sikt.
3.4. Teknologisk utvikling
Den teknologiske utviklinga føregår i eit raskt tempo, og er også ein viktig faktor som påverkar kommuneøkonomien og dermed også framtidig handlingsrom. Maskiner kan stadig løyse oppgåver og tenester på nye og meir effektive måtar. Vi får også tilgang på data som kan nyttast og analyserast, og gje oss nye kunnskap- og beslutningsgrunnlag.
Vår evne til å ta ny teknologi i bruk vil påverke i kor stor grad kommunen kan klare å effektivisere den kommunale drifta.
Digital teknologi, som til dømes velferdsteknologi, kunstig intelligens og sensorteknologi, kan løyse mange framtidige utfordringar innanfor både helse og omsorg, mobilitet, kommunikasjon, klima, energi og anna.
Det vil vera auka bruk av digital teknologi innanfor alle kommunale sektorar framover, sjølvsagt tilpassa den enkelte teneste. I kor stor grad kommunen lukkast i dette arbeidet handlar om tilgangen på kompetanse både knytt til teknologi, men også korleis teknologi kan nyttast i møte med menneske og samfunnsutfordringar.
Dersom vi til dømes skal utvikle ei framtidsretta og innovativ helse- og velferdsteneste, krev dette både tilgang på teknologi og kompetanse som gjer at vi klarar å nyttiggjere oss av denne.
Øygarden kommune arbeidar i dag systematisk med til dømes velferdsteknologi. Dette skal både gjere oss i stand til å heve kvalitet i tenestene, men også å sikre mest mogleg effektiv drift. Dette er eit særleg viktig perspektiv ettersom mangel på helsefagleg kompetanse også vil spele ei stor rolle i framtida.
Digitale system for å forenkle dialog og kommunikasjon med innbyggarar og andre aktørar er også viktige innsatsfaktorar for reduserte kommunale utgifter. Kommunen vil også få eit særleg ansvar i form av opplæring i digital kompetanse, og å sikre at innbyggarane våre får den informasjonen dei treng og har krav på.
Samtidig kan den teknologiske utviklinga også medføre eit større digitalt trusselbilde. Tilgang på digital kompetanse, og system som kan førebygge digitale angrep, er viktig både for den økonomiske situasjonen til kommunen, men også av omsyn til samfunnssikkerheita.